 |
GEORGIATURNé
Tindra til Georgia!
1. - 13. november reiser Tindra på turné til Georgia saman med sin gode musikarkollega Russudan Meipariani. Russudan er opprinneleg frå Georgia, men er busatt i Tyskland kor ho er ein anerkjend komponist og utøvar (song og piano). Dei møttest under studiar på Norges Musikkhøgskole i Oslo kor Meipariani også var student i ein periode. Tindra vil saman med Russudan ha konsertar i Tbilisi, Telavi, Kutaisi og Batumi. Lytt til Russudan sin musikk på www.myspace.com/russudanmeipariani
|
|
(publisert 25.10.09) |
|
DEN KVITE HJORTEN – URPREMIERE!
Tingingsverk til Førdefestivalen 2009:
Rasisme og mobbing er hovudtema når folkemusikktrioen Tindra og skodespelar Helge Jordal står på scena saman for første gong. Den kvite hjorten er ei rørande familieframsyning basert på ein tekst av Jan-Magnus Bruheim. Musikken er tingingsverk skrive av Tindra til festivalen og blir sleppt på CD same dag.
Ein vinterdag i 2007 sat Åshild Vetrhus ved radioen og lytta til NRK P2. Ho vart fanga av ei sterk historie om ein einsam hjortekalv i ein kald vinterskog. Det viste seg å vere forfattaren sjølv, Jan-Magnus Bruheim, som las frå boka Den kvite hjorten. Radioprogrammet om Bruheim vart spira for det som no har blitt tingingsverk, cd og familieframsyning med premiere og plateslepp på Førdefestivalen 4. juli 2009.
Den kvite hjorten er ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jeger, blir han overlaten til seg sjølv. Me fylgjer Tindra og Helge Jordal gjennom hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap. Den kvite hjorten er ei illustrerande musikalsk historie om rasisme og mobbing, men gjev også framtidshåp.
Elevar ved Førde kulturskule deltek med song og skodespel. ”Vi er dei hjortane som har vore i syden, og han kvite har vore att”, spøkjer Hallvard Myklatun (12) som skal spele ein av brunhjortane i flokken.
” Å bygge opp en musikalsk forestilling sammen og å få være med Tindra å lage CD har vært veldig inspirerende og lærerikt for en som er glad i musikk og glad i teater. Det er dessuten flott at så dyktige musikere henvender seg til ungene våre. Når de lager sånn uttrykksfull musikk, rører det faktisk hjertene til foreldrene også”, seier Helge Jordal.
Musikarane i Tindra møttest under studiar ved Norges Musikkhøgskole. Tindra er Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland (song), Jorun Marie R. Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal (fele/hardingfele), og Irene Tillung (1977) frå Voss (akkordeon). Tindra har halde konsertar i Europa og Asia og har spelt saman sidan 2000. Frå 2007 har gruppa fått Norsk Kulturråds ensemblestønad. I 2006 vart den første cd-en sleppt - Lukkeleg vaking (tal:ik records) som blei nominert til Spellemannprisen.
Jan-Magnus Bruheim (1914 – 1988) gav ut nær 40 bøker gjennom om lag like mange år. Han budde i Skjåk heile livet, med unntak av nokre år i Bremanger i Sunnfjord. I seinare bøker vart diktinga prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt. Bruheim skreiv mest lyrikk og barnebøker. Bruheim fekk ei rekkje prisar for barnebøkene sine.
Framsyningar:
Teatersalen, Førdehuset: Premiere og plateslepp 4. juli kl 1330
Teatersalen, Førdehuset: 5. juli kl 1200
Medverkande:
Den kvite hjorten: Helge Jordal
Tindra: Åshild Vetrhus, folkesong - Jorun Marie Kvernberg, fele og hardingfele -
Irene Tillung, akkordeon
Hjorteflokk, korpeflokk, kor: Elevar ved Førde kulturskule
Tekst: Jan-Magnus Bruheim
Musikk: Tindra
Dramaturgi, regi og scenografi: Marita Hesjedal
Kostyme: Svanhild Dvergsdal
Masker: Marthe Brandt
Kontakt:
Åshild Vetrhus, aashild_vetrhus@hotmail.com, tlf 97503463
Jorun Marie Rypdal Kvernberg, jorun@kvernberg.com, tlf 91318235
Irene Tillung, itillung@gmail.com, tlf 92029150
Lytt til musikken her:
www.myspace.com/kvitehjorten
|
|
(publisert 28.06.09) |
|
|
TINDRA VITJAR SUNNFJORD
Folkemusikk til Straumsnes
Tirsdag 13. mars kan nesalendingar og andre fjalerbuer gle seg til ein konsert med folkemusikktrioen Tindra. Dette er tre unge damer som har spelt i lag sidan tidlege studiedagar på Norges Musikkhøgskole i Oslo hausten 2000. Vokalisten Åshild Vetrhus kjem frå Suldal i Rogaland, og mykje av Tindra sitt repertoar er gravd fram frå arkiva på desse kantar. Irene Tillung frå Voss trakterar akkordeonet på ein mesterleg måte og er kjend for sin detaljrikdom og allsidige mestring av akkordeonet. Jorun Marie Kvernberg spelar fele og hardingfele og kjem frå Fræna i Romsdal, men kjenner seg etterkvar nokså heime på Straumsneset då sambuaren kjem derifrå. Så er det også "svigerfar" som ordnar opp når Tindra ynskjer seg konsert i Sunnfjord! Hermod Espe er dirigent for Fure og Våge Songlag, og det er dei som står for arrangementet når trioen blir ynskt velkomne i Straumsnes Grendahus.
Sist gong Tindra spelte på Straumsnes var for tre år sidan, i januar 2004. Det var ei minnerik oppleving for både musikarar og publikum. Fellesnummer med koret og kaker og kaffi etter konserten gjorde at det heile fekk noko ekstra over seg. Sidan den gong har trioen turnèrt i inn og utland, og platedebutert med det Spellemannprisnominerte albumet "Lukkeleg vaking". Det er mellom anna nye låtar herifrå publikum får servert denne gongen. Trioen har også spelt på Førdefestivalen fleire gonger, mellom anna som Talent i 2004.
Forutan arrangementer av tradisjonsstoff har Tindra dei siste åra satt musikk til norsk lyrikk, mellom anna av musikal-aktuelle Ragnar Hovland. I det mangfaldige repertoaret handlar det mellom anna om geiter, friarar, ein forelska trast og eit elska fjell. Trioen formidlar det norske folkemusikkspråket med fantasifulle arrangement i spennet mellom det vare, kjensleladde og det sprudlande, energiske.
|
|
(publisert 07.03.07) |
|
|
TINDRA TIL AASENTUNET
Trioen Tindra til Aasen-tunet
Gruppa Tindra tek onsdag 14. mars turen til Ivar Aasen-tunet, og kan tilby sofistikert, vakker og energifull folkemusikk.
Det blir første gongen Tindra spelar på Sunnmøre. Trioen har spelt i lag sidan tidlege studiedagar på Norges Musikkhøgskole i Oslo hausten 2000, og består av Åshild Vetrhus (song), Jorun Marie Rypdal Kvernberg (fele), og Irene Tillung (akkordeon). Alle tre lever i dag som heiltidsmusikarar. Tindra sin debut-cd ”Lukkeleg vaking” kom ut i mai 2006, og fekk strålande kritikkar i media. Gruppa vart mellom anna nominerte til Spellemannsprisen i klassa for folkemusikk/gammaldans.
Musikken til Tindra inneheld tradisjonelle songar og slåttar, og eigenkomponerte låtar med tekster av ulike norske lyrikarar som Jan Magnus Bruheim, Ragnar Hovland og Inger Hagerup, alt ikledd ei folkemusikalsk drakt. Trioen formidlar nyskriven norsk folkemusikk i spennet mellom det vare, kjensleladde og det sprudlande og energiske, arrangert og komponert av musikarane sjølv.
Åshild Vetrhus kjem frå Suldal i Rogaland, og mykje av Tindra sitt repertoar er gravd fram frå arkiva på desse kantar. Ho arbeider som frilans folkesongar og er den første som er tilsett ved Oslo Musikk- og Kulturskole for å undervise i folkesong. Bak seg har ho ei fireårig musikkpedagogisk utdanning frå Norges Musikkhøgskole i tillegg til ei lang rekkje konsertar og førestillingar i inn- og utland. Vetrhus er forutan Tindra aktuell m.a. gjennom samarbeid med Mari Skeie Ljones og Ingeleiv Berstad.
Jorun Marie Rypdal Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og har tenkt å gjere volding av seg til sommaren. Ho er frilans folkemusikar på heiltid med fele og hardingfele som instrument og har trass sin unge alder allereie ei lang merittliste å syna til. I tillegg til Tindra er ho aktuell i felesekstetten Majorstuen, men er også ettertrakta som soloutøvar og har eit utal prosjekt på gong. Sommaren 2005 mottok ho den aller første Edvardprisen i folkemusikk for verket ”Då kom du,” skrive på tinging frå NRK. Kvernberg solodebuterte med plata "Album" i november i fjor der Romsdals- og Nordmørsslåttar stod på repertoaret.
Irene Tillung kjem frå Voss og er kjend for sin detaljrikdom og allsidige meistring av akkordeonet. Ho er frilans akkordeonist og instrumentalpedagog. Tillung er ettertrakta som akkompagnatør blant så vel visesongarar som klassiske songarar og folkemusikarar, og har turnert land og strand i ulike konstellasjonar. Faste samarbeid har ho m.a. med visesongarane Marianne Kostøl, Karl Heldal og Arne Cranner.
Det er ikkje berre i Noreg Tindra har utmerka seg. I samarbeid med Rikskonsertene har gruppa nyst vore på ein nesten to veker lang skuleturné i India. Der besøkte dei Hyderabad, Mumbai, Bhopal, Delhi og Chandigarh. I tillegg til skulane var gruppa også innom tre colleges.
For meir informasjon
Programansvarleg Åshild Widerøe, tlf. 70 04 75 79 eller 93 02 17 42
Informasjonsleiar Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 78 eller 47 33 41 44
|
|
(publisert 07.03.07) |
|
|
SPELLEMANNSNOMINERTE TINDRA TIL INDIA
Spellemannsnominerte TINDRA til India
Folkemusikk trioen TINDRA har akkurat avsluttet en skolekonsertturné i Buskerud og gleder seg til å prøve ut sitt program for indiske barn.
- Vi har i samarbeid med Rikskonsertene gjort om litt på programmet slik at det skal passe bedre for et indisk publikum, sier trioens vokalist Åshild Vetrhus.
Men mellom Buskerudturnéen og Indiareisen ligger Spelemannsprisutdelingen der Tindra er nominert i klassen folkemusikk/gammeldans. TINDRAs musikk omfatter tradisjonelle sanger og slåtter, i tillegg byr de på egenkomponert musikk med tekster av ulike norske lyrikere.
Skoler over store deler av India øver nå på norsk folkemusikk for å delta i konserten med norske Tindra, som kommer på besøk i løpet av de neste to ukene.
- Under konserten med TINDRA opplevde jeg en sterk formidlingsvilje som jeg gjerne vil presentere for mitt nettverk i India, sier Dr. Kirhan Seth, lederen for Spic Macay.
Rikskonsertenes samarbeider med Spic Macay i India og hittil har de gjennomført 14 turnéproduksjoner som har nådd mer enn 60.000 mennesker i India og Norge. Spic Macay har som sitt formål å gi barn og unge mennesker tilgang til storheten i den indiske kulturtradisjonen. Noen av Indias største artister (musikk, teater, dans, yoga) står på turnelistene deres som omfatter i overkant av tusen forestillinger i året. Samarbeidet er viktig for Rikskonsertene fordi det fører til fornyet kontakt og kompetansebygging mellom musikkulturer der konserter for barn og ungdom er en viktig bærebjelke.
Trioen med Irene Tillung, Åshild Vetrhus og Jorun Marie Kvernberg har et omfattende reiseprogram foran seg. De skal besøke Hyderabad, Mumbai, Bhopal, Delhi og Chandigarh. I tillegg til skoler skal trioen også besøke tre colleges. Turnéen varer fra 29. januar til 9. februar.
Kontakt:
Rikskonsertene ved rådgiver Kjell Thoreby, tlf. 22 52 99 49, mobil: 91 66 32 67
kjell.thoreby@rikskonsertene.no
eller:
jorun@kvernberg.com
aashild_vetrhus@hotmail.com
itillung@gmail.com
|
|
(publisert 26.01.07) |
|
|
Press release:
Award winning TINDRA to present Norwegian traditional music in India
The folk music trio TINDRA has just completed a school concert tour in Norway and looks forward to test their programme on Indian children.
- In cooperation with Rikskonsertene we have slightly chanced our programme to make it more suitable for an Indian audience, says the trio’s vocal performer Åshild Vetrhus.
TINDRA’s music is basically traditional Norwegian folk music with which they make their own arrangements. In 2006 they released their first CD – Lukkeleg vaking. The CD has been very well received among critics, and has been selected as one of three candidates to win the prestigious award “Spellemannsprisen” (National Norwegian Music Awards).
Schools across major parts of India are now practicing a Norwegian traditional tune enabling them to participate in TINDRA’s coming concert.
- When I first heard TINDRA performing, I experienced their will and ability to communicate their artistic work, and I would very much like to present them to my network in India, says Dr. Kirhan Seth, the director of Spic Macay.
The tour has been organized by Spic Macay – whose aim is to give children and youth access to the greatness of Indian culture. Some of India’s greatest artists are on the list of Spic Macay. This time the students will meet also a part of Norwegian cultural heritage.
The cooperation between Spic Macay and Rikskonsertene (Norway) is vital for developing new contact between the two cultures and building competence in communicating these cultures across geographical borders. Concerts for children and youth are major activities of both organizations. The cooperation between India and Norway has so far resulted in 14 tours in the respective countries reaching more than 60.000 people.
TINDRA consists of Åshild Vetrhus – Folk song, Jorun Marie Kvernberg – Fiddle/hardanger fiddle and Irene Tillung – Accordion. The trio will visit schools in Hyderabad, Mumbai, Bhopal, Delhi and Chandigarh within the two coming weeks. The tour will last from January 29th - February 9th – 2007.
Contact:
Spic Macay 41/42 Lucknow Road, Delhi 110054
Rashmi Malik (011) 26897119, cell 11203102
For more information about Tindra: http://www.tindratrio.com/
|
|
(publisert 25.01.07) |
|
TINDRA SPELLEMANNPRIS-NOMINERTE!
Folkemusikktrioen Tindra sin debutcd er nominert til Spellemannpris i klassen for folkemusikk/gammaldans.
Lukkeleg vaking
Den nominerte plata med tittel "Lukkeleg vaking" kom ut i mai 2006 på plateselskapet ta:lik, og fekk strålande kritikkar i media. Innhaldet er tradisjonell og nyskriven norsk folkemusikk i spennet mellom det vare, kjensleladde og det sprudlande, energiske, -arrangert og komponert av musikarane sjølv.
Etablert ensemble
Musikarane i Tindra kom i hop i 2000, under studietida på Norges Musikkhøgskole i Oslo og fekk der legge grunnlaget for ein eigen stil i både arrangering, komponering, og musikalsk og scenisk framføring. I tida etter studia har trioen satsa høgt, og nådd stadig nye mål og publikum. Nyleg fekk dei vite at Norsk Kulturråd vil gje dei den prestisjefulle ensemblestøtta over to år, ei grunnstøtte til norske musikkensemble på høgt nivå. Desse pengane ynskjer trioen å bruke til å fornye repertoaret og starte nye prosjekt.
Vestlandet
Geografisk representerer dei tre kvar sine delar av vestlandet: felespelar Jorun Marie R. Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, akkordeonist Irene Tillung frå Voss i Hordaland og Åshild Vetrhus får Suldal i Rogaland. Sistnemde distrikt har vore ei særleg viktig kjelde for det tradisjonelle musikkmaterialet Tindra brukar. Den lokal-musikalske bakgrunnen til dei tre har likevel vore viktig i skapinga av eit unikt og variert lydbilete kor dei ulike tradisjonane leikar med kvarandre.
Dobbelt nominert
Felespelar Jorun Marie R. Kvernberg har vore med på dette sirkuset før. I 2003 vann ho Spellemannprisen i folkemusikk/gammaldans med gruppa Majorstuen, også dette ein debutcd. I år har Kvernberg dobbel sjans i og med at Majorstuen si tredje utgjeving, "Juledrøm", også er nominert. Den tredje og siste konkurrenten om den gjeve prisen er gamaldansgruppa Kvarts.
Utdeling
Lørdag 27. januar skal det heile avgjerast, og jentene i Tindra ventar i spaning. TV2 står for tv-overføringa og Chateu Neuf i Oslo er staden alle håpefulle musikarar og produsentar samlast. Om jentene kan vere med på sjølve utdelinga er framleis uvisst, då dei skal reise på turnè til India i same perioden. Her skal dei spreie folkemusikken sin til endå eit nytt publikum: indiske skuleelevar!
For meir info om tindra: www.tindratrio.no
Kontakt musikarane i Tindra:
Åshild Vetrhus: 97503463
Irene Tillung: 92022150
Jorun Marie Kvernberg: 91318235
Plateselskapet ta:lik ved Frode Rolandsgard: 91197407
|
|
(publisert 03.01.07) |
|
STEM TINDRA INN PÅ KJEMPESJANSEN!
Tindra treng di hjelp om dei skal få spele i kjempesjansen på laurdag.
Av Birte Njøsen Hornem NRK
Vil du stemme på Tindra ringer du 829 49 006, eller du kan sende ei tekstmelding. Då skriv du talet <6> og sender det til 26600. Det kostar 5 kroner og pengane går rett til artisten.
Du kan stemme på Tindra frå sundag klokka 10.00
Litt om Tindra
Namn: Irene Tillung
Åshild Vetrhus
Jorun Marie R. Kvernberg
Frå: Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal
Song: På musikkvideo: "Eventyr" av I. Hagerup og I. Tillung, på Kjempesjansen: "Den store Trasten forlskar seg" av R. Hovland og Å. Vetrhus.
Draum: Å reise verda rundt å halde konsertar
Om Tindra.jentene kjem vidare til Kjempesjansen vil dei framføre "Den Store Trasten forelskar seg" av R. Hovland og Å. Vetrhus. Men allereie no kan di sjå musikkvideoen deira der dei framfører "Eventyr" av I. Hagerup og I. Tillung.
Arkivopptak
Jentene er frå tre flotte fylker på vestlandet, nemleg Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal. Sidan jentene er frå tre forskjellege stader har dei ikkje spelt så mykje saman. Dei møtte kvarandre først på musikkhøgskulen i Oslo, men sidan den gong har jentene spelt saman.
Men musikkinteressa starta lenge før dei møtte kvarandre.
- Eg skreik meg til ein blå leiketoradar i leikebutikken då eg var fem år. Byrja på toradarkurs då eg var åtte år, men gjekk over til klassisk akkordeon som niåring, fortel Irene Tillung.
Jorun Marie R. Kvernberg fekk si første fele allereie som fireåring.
- Men eg byrja først å spele når eg var i sjuårsalderen.
Inspirasjon
Inspirasjonen til jentene får dei frå alle moglege kantar av landet.
- Eg får inspirasjon av alt frå folkemusikk til AC/DC. Dessutan er eg fascinert over at det er mogeleg å synge så vakre melodiar med ei så rusten stemme som det Tom Waits har, fortel Irene.
Jorun Marie har nokre heilt andre personar som inspirerar ho.
- Felespelaren Ole Blø, han er 86 år og bur på ei øy i Romsdalsfjorden. Eg beundrar han og andre folk som har haldt fast ved folkemusikken og fela gjennom eit heilt liv.
Den tredje og siste jenta i gruppa likar å høyre på gamle arkivopptak.
- Bertha Rafdal var ei veldig religiøs dame frå Sauda, eg fekk aldri møtt ho, men har i timevis høyrt på arkivopptak der ho syng religiøse folketonar. Ho er mitt definitive førebilde når det gjeld formidling og stemmebruk, fortel Åshild Vetrhus.
Kva vil dei bruke pengane dei vinn til?
- Bestille nye tekstar hos ein forfattar, skrive musikk til og spele inn på cd.
På gøy med Tindra:
Kva er det mest ”nerdete” ved deg?
Irene: - Eg likar å finne ut av allslags elektroniske duppdingsar. Trykke på knappar og sjå kva som skjer.
Samlar du på noko?
Jorun Marie: - Då eg var lita var eg ein ivrig viskelêrvisksamlar. Det gjekk ut på å viske intenst med viskelæret på pulten min, og så samle støvet i filmhylster.
Har du nokre spesielle interesser?
Åshild: - Eg går på reinsdyrsjakt kvar haust, og så er eg veldig glad i å lese Donald.
Les artikkelen på:
http://www.nrk.no/programmer/tv/kjempesjansen/1.1091299
|
|
(publisert 08.10.06) |
|
TINDRA - LUKKELEG VAKING
Underfundig frisk og vakker!
De tre unge kvinnene i Tindra er originale fortolkere av forfedrenes sanger og melodiske stier. De dikter også selv videre, med vestlandstradisjonens medvind i ryggen. Og fritt utsyn over nåtidens landskap... Lytt til ordene fra Peter Dass, Ragnar Hovland og Åshilds bestemor!
Det er ikke hver dag den store trasten forelsker seg. Eller at alle må dø. I hvert fall ikke i så musikalske omgivelser
/ Gabriel Fliflet
Musikken til Tindra spenner frå tradisjonelle songar og slåttar i eigne arrangement, til eigenkomponerte låtar med tekstar av m.a. Jan Magnus Bruheim og Ragnar Hovland, alt ikledd ei folkemusikalsk drakt. Det handlar mellom anna om geiter, friarar, ein forelska trast og eit elska fjell. Trioen formidlar det norske folkemusikkspråket på ein ny måte med sine fantasifulle arrangement i spennet mellom det vare, det kjensleladde, det sprudlande og energiske.
Trioen består av folkesongar Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland, akkordeonist Irene Tillung frå Voss og felespelar Jorun Marie R. Kvernberg frå Fræna i Romsdal. Dei tre danna trioen Tindra i 2000 og har sidan utvikla eit breitt repertoar som no har resultert i cd-innspeling .
Tindra har etter fullførte musikkstudium i 2004 auka aktiviteten. Dette har mellom anna resultert i Kvartsprisen 2005 og finaleplass i Rikskonsertane si storsatsing IntroFolk 2005. Musikarane har dessutan utvikla seg frå arrangørar av tradisjonelt stoff til å skape eigne komposisjonar. Kvernberg fekk i 2005 Tono sin første Edvard-pris innan folkemusikksjangeren for verket , og delar av denne står på Tindra sitt repertoar saman med mange andre nye komposisjonar frå trioen sine medlemar.
Ta denne estetiske lykkepillen og gi deg sjølv ei lukkeleg vaking!
Lanseringsturné:
26. mai: Ål, 28. mai: Rudi gard, 29. mai: Oslo, 9. juni: Suldal, 14. juni: Columbi Egg Bergen, 15. juni: Haukeli, 18. juni: Sunndalsøra.
Møt musikarane
Musikarane er tilgjengelege for media i samband med konsertane og i Oslo på dagtid fredag 26., måndag 29. mai og tysdag 30. mai.
Sperrefrist 26. mai
|
|
(publisert 26.05.06) |
|
|
 |
|
|