 |
 |
Åshild Vetrhus
(1978)
kjem frå Suldal i Rogaland. Ho arbeider som frilans folkesongar og er den første som er tilsett ved Oslo Musikk og Kulturskole for å undervisa i folkesong. Bak seg har ho ei fireårig musikkpedagogisk utdanning frå Norges Musikkhøgskole i tillegg til ei lang rekkje konsertar og førestillingar i inn - og utland. Åshild er forutan Tindra aktuell m.a. gjennom samarbeid med Mari Skeie Ljones og Ingeleiv Berstad. Dei som følgjer med Åshild, har fått sjå at ho stadig utviklar seg som songar, med uimotståeleg scenesjarm og klokkeklar røyst.
|
|
|
|
|

|
Jorun Marie Rypdal Kvernberg (1979)
kjem frå Fræna i Romsdal. Ho er frilans folkemusikar på heiltid med fele og hardingfele som instrument og har trass sin unge alder allerede ei lang merittliste å syna til. I tillegg til Tindra er ho aktuell i felesekstetten Majorstuen, men er også ettertrakta som soloutøvar og har eit utal prosjekt på gong. Sommaren 2005 mottok ho den aller første Edvardprisen i folkemusikk for verket ”Då kom du,” skrive på tinging frå NRK. Kvernberg sitt kraftfullulle og energiske spel blir dessutan å høyre på soloplate hausten 2006.
|
|
|
|
 |
|
Irene Tillung (1977)
frå Voss er frilans akkordeonist og instrumentalpedagog. Ho er ettertrakta som akkompagnatør blant så vel visesongarar som klassiske songarar og folkemusikarar, og har turnert land og strand i ulike konstellasjonar. Faste samarbeid har ho m.a. med visesongarane Marianne Kostøl, Karl Heldal og Arne Cranner. Irene har delteke på konkurransar og konsertar som solist i Danmark, Austerrike, Sveits og heime i Norge, og har motteke fleire prisar og stipend. Eit nyansert og klangrikt lydbilete er hennar musikalske forskrift.
|
|
|
|
|
 |
|
|